Vi leiter etter statistar som er 18 eller 19 år til hausten!

Ersättning: 750 kr

Vi leiter etter statistar som er 18 eller 19 år til hausten! Noko for deg eller nokon du kjenner?

Hausten 2018 skal vi spele Macbeth på Scene 2 her på Det Norske Teatret. Til framsyninga er vi på jakt etter 3 unge statistar med dansebakgrunn.

Det vil vere prøver i tidsrommet 6.8-1.9, og framsyninga vil spele utover hausten. Statisthonorar er på kr 750,- per prøve/framsyning. Interesserte kan sende søknad.

Informasjon vi treng i søknaden er:
- Bilete
- Fødselsdato
- Høgd
- Nokre ord om deg sjølv (til dømes fysiske kunnskapar)

Alle søkarar må vere 18 eller 19 år hausten 2018, og aktuelle kandidatar blir kalla inn på audition den 26. april på ettermiddags/kveldstid.
--> Søknadsfrist: Onsdag 25/4 kl. 12!


Läs mer

Ansökningstiden har gått ut

Ansökningstiden för det här jobbet har gått ut. Du kan fortfarande läsa om det, men det går inte längre att söka.

Se alla jobb